Skjøtsel og konservering

Konservering - Foto: Riksantikvaren

Både bygningar og kulturlandskap treng pleie for å komme til sin rett, og ikkje minst halde historia levande og tilgjengeleg.

Konserveringsarbeida på Selja er omfattande. I 2008 var hovedinnsatsen lagt i konservering av tårnet. Arbeidet er no ferdig og stillaset er teke ned. Arbeida heldt fram  gjennom 2009 med hovudvekt på innsida av tårnet og klosterkyrkja med sakristi. Også arbeidet med opprusting av sti og trapp opp til helgenanlegget vart gjennomført.

Arbeida vert utførde av Selje kommune i samarbeid med Riksantikvaren. Utførande entreprenør er Bakken & Magnussen AS mfl.

Kulturlandskap

Ikkje berre bygningane, men og landskapet på Selja trengde eit løft. Det er viktig å vise alle slike anlegg i den rette kulturlandskapskonteksten. Selje kloster- og helgenanlegg vart det det er på grunn av at det låg isolert på ei øy — kanskje på grunn av Seljemennene som nok var irske munkar som sette ut på havet i såkalla Coracles, skinnbåtar på spinkel treramme — for å finne einsemd og ein god stad for kontemplasjon. Vi veit at det er spor etter dei i heile Nordsjøområdet; Island – Shetland – Færøyane – Grønland. Namn som Papøy syner det.

På same tid har det vore eit senter og ein oppankringsplass på Selja medan ein venta på høveleg ver for å kome seg velberga over det farlege Stadhavet med alle havvettane. Kanskje har kapellet på Silda, med mindre ein drog båtane over Dragseidet, vore til det føremålet, å sikre seg før den farlege båtturen?

Skjøtsel - Foto: Bjørn JensenI dei siste 10 åra, sidan vi fekk i gang samarbeidet med Riksantikvaren, har det vore sett inn mykje krefter og mykje pengar på å rydde opp i kulturlandskapet. Til det har vi engasjert skuleelevar med sommarjobb. Det gjev innsyn i kva dette er, og kva det har hatt å seie for både kristninga av Vestlandet og kanskje gryande rikssamling. Resultatet er at det har vorte konkurranse om jobbane, med gode søkjartal, og sideeffekt at ungdomane kjem att år etter år, etter kvart også gjerne som guidar! Dette er vi svært glade for.

Ungdommane har gjort ein strålande jobb; det er eit slit å rive opp hundrevis av einebuskar, klippe gras, rydde vekk ugras i nærområdet, pirke ut mold frå fugene og reparere og rydde stiane på både nord- og sørsida.  Ære vere dei for det dei har utført.

I tillegg har vi fått såkalla ”villsau” ut på øya og dei gjer ein stor jobb med å halde landskapet reint for gras. Heile vestsida og nærområdet er no ryddig og fint, takka vere både dei på to og på fire. Som eit godt døme på dette, kan ein nemne at det ikkje har vore brukt motordrive grasklippar på Selja dei siste åra!