Frå muringsinnovasjon til 3D laserscanning

Interessa for forsking på Selja er stor, og viktig i forhold til å forstå, ta vare på og dele historia vår. Vi har for tida fleire viktige prosjekt og faglege utfordringar på høgt nivå.

I 2000-2002 vart det på oppdrag av Riksantikvaren laga ein tilstandsrapport om Selje kloster og helgenanlegg. Rapporten vart laga av arkeolog Alf Tore Hommedal hos NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking). Rapporten tok føre seg dei einskilde delane av anlegget og konkluderte med at her måtte det gjerast eit godt stykke arbeid for å ta vare på anlegget. Det er ikkje så godt å sjå for ein ikkje-fagmann, men dersom ein går inn i problematikken med skjøtsel og konservering, vil ein oppdage at her stod det ikkje så bra til.

Konserveringsarbeidet på bygningane er svært komplekst og tidkrevjande. Dette skuldast ikkje berre at mange forskjellige konservatorar har vore involvert gjennom åra, men også slitasje grunna ver og vind. Det legg seg jord i fugene mellom steinane, slik at det samlar seg vatn som igjen kan føre til frostsprenging. Lekkasjar gjer og at det trengjer vatn inn i innerlivet på murane her og der, slik at dei vert ståande konstant fuktige.

I arbeidet har mellomanna murmeister Geir Magnussen frå Bakken og Magnussen A/S utvikla ein limtype som vert tilsett steinstøv med farge frå same type stein til bruk i slike anlegg. Dette er per i dag standard for liming av stein.

Laserscan og arkeologi

Riksantikvaren og klosterprosjektet vart i november 2007 einige om at vi skulle gjere noko nytt i samarbeid med NIKU. Det vart utført eit laserscan med såkalla LIDAR (radar med laserlys), der heile øya vart scanna frå fly i samarbeid med Blom Geomatics. Her kan vi, etter å ha filtrert vekk vegetasjon på overflata, finne strukturar etter menneskeskapte konstruksjonar som ikkje er så gode å sjå med vanleg metodikk. Ein meinte at det var på tide å avdekke noko om kvifor klosteranlegget og bispesetet vart lagt på Selja. Kanskje var det spor etter ein kongsgard eller krongods på Bø? Lokalt har det vore sagt at bispen budde på Bø, og det er svært sannsynleg dersom det har stått krongods eller kongsgard der. Kongen og bispen, som nok kom frå England, har kanskje budd på Bø.

NIKU har og vore involvert i eit anna oppdrag i prosjektet, som heter Ruins Alive. Heile klosteranlegget har vore detaljscanna med laser, slik at vi sit på 3D-data både frå inn- og utsida av alle bygningane. Dette er ein del av Riksantikvarens sitt dokumentasjonsarbeid, men det gjev og eit godt utgangspunkt for presentasjonar der ein kan vere med på ein ”Fly-Through” i klosteranlegget! Sjå toppen av denne sida for eit lite eksempel.

Ruins Alive tek også for seg St. Magnus katedral på Kirkjubøur på Færøyene og Slottsfjellet i Tønsberg.

No gler vi oss til å utforske kva mulegheiter som ligg i dette materialet – i alt i frå dokumentasjon til formidling.