Lærerike dagar i grunnskulen
For å auke bevisstheta om historia og interesse for kloster og helgenanlegget hjå barn og unge, er det utarbeidd ulikt pedagogisk materiell.
Til dømes kan ein arrangere rebusløp i klosterruinane. Materiellet er tilpasse ulike trinn i grunnskulen. Vi vil rå til at startar på Bø og følgjer ein av dei tre stiane til klosteranlegget.
Her er nokre døme på materiell:

Klosterutstillinga
Start gjerne turen til Selje kloster og helgenanlegg på fastlandet. Besøk klosterutstillinga ved Turistinformasjonen. Open for skuleelevar etter avtale.
Kontakt Turistnformasjonen, tlf. 57 85 66 06.
På jakt etter Sunniva og Seljemennene
Ein kulturminnerebus til bruk innanfor klosteranlegget.
Tidsbruk: Omlag 1 time.
Eigna for: Småskule og mellomtrinn
Utarbeidd av: Laura Marie Fure
Enkle arbeidsoppgåver knytt til Sunniva og Selje kloster
Eit informasjonshefte som kan kombineres undervisning i forkant, på og i etterkant av besøk på øya.
Tidsbruk: Omlag 4 undervisningstimar
Eigna for: Mellomtrinn og ungdomstrinn
Utarbeidd av: Jorunn Roald
Kulturminneløype
Materiellet dekker heile øya men er litt forelda. Ny utgåve er planlagd innan våren 2012.
Tidsforbruk: Omlag 4 under visningstimar
Eigna for: Mellomtrinn og ungdomstrinn
Utarbeidd av: Herman Håvik