Slik kjem du til Selja
Øya Selja ligg ved Stad, i Selje kommune på kysten av Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunen grensar til Møre og Romsdal i nord.
Ekspressbåt eller -buss?
Selje har dagleg ekspressbåtsamband med Bergen. Næraste flyplassar er Florø, Vigra (Ålesund) og Sandane. Det er korrespondanse feire gongar dagleg med ekspressbussar til Bergen, Ålesund, Trondheim og Oslo. Det siste strekket ut til Selje kloster- og helgenanlegg går med Klosterbåten (link)
Køyre eigen bil
Har du eigen bil og god tid, kan du kombinere eit besøk i Selje med fleire stopp undervegs. Reisa kan gjerast som ein rundtur både frå aust og nord.
Frå Oslo/Trondheim, til Otta i Gudbrandsdalen, vidare til Lom og Skjåk, over Strynefjellet og ned til Stryn og ut gjennom Nordfjord. Returen frå Selje gjennom Nordfjord til Jølster, gjennom fjellet til Fjærland og vidare til Lærdalsøyri, over Filefjell og ned Valdres.
Kjem du frå nordfrå, kan du følgje vegen langs kysten, oppleve Atlanterhavsvegen mellom Kristiansund og Molde, til Ålesund, via Åheim til Selje og returnere over Dovre via Otta eller Lesja, alternativt via Sunndalsøra og Oppdal.
Avstandar
| Oslo | 3 timar med fly, ca. 9 timar med bil/buss |
| Ålesund | 3 timar med bil/buss |
| Bergen | 5 timar med ekspressbåt, ca. 8 timar med bil/buss |
| Måløy | 30 minutt med bil/buss (korrespondanse med Hurtigruta) |
Nyttige adresser og telefonnummer
| Lokalbussar til/frå Selje sentrum | www.fjord1.no |
| Taxi/turvogn i Selje | Tlf. 57 85 64 86 |
| Ekspressbussar til/frå Oslo | www.nor-way.no |
| Ekspressbåt til/frå Bergen | www.fjord1.no |
| Fly til/frå Sandane | www.wideroe.no |
| Fly til/frå Florø | www.dat.no |
| Fly til/frå Ålesund | www.sas.no www.norwegian.no |
Treng du overnatting?
På opplevselje.no finn du eit alternativ som passar deg.