Stiar gjennom historia
Øya Selja er eit skattkammer – ei vandring i historia. Minnesmerka er mange.
Øya har fysiske spor heilt frå steinalder fram til moderne tid. I vikingstida var Selja eit viktig stogg på vegen sørover til Bergen, nordover til Trondheim og vestover til Island, Færøyane og Grønland. Innsida av øya var ei trygg hamn ved det stormfulle Stadhavet.
Kombiner gjerne en tur til klosteret med ein tur over øya frå Bø. Kloster og helgenanlegget ligg på vestsida av øya. Merka sti frå Bø tek deg dit. Sjå større kart (opnar i nytt vindu).
Det er daglege turar til Bø heile året. Båten går i frå Selje til Bø kl. 12.30. Frå Bø kan du vandre over øya til klosteranlegget.
Les meir om turar på Selja hos nordfjord.no
Nordfjord Vandrefestival 2011
I samband med Nordfjord Vandrefestival 2011 vert det arrangert guida tur over øya 14. august. Påmelding til turen må skje før kl 18:00 dagen før.
For meir informasjon og påmelding kontakt Turistinformasjonen i Selje 57 85 66 06.
