Klosterbåten er alfa og omega

På den ca. 15 min. lange båtturen får ein høyre om gamal og ny tid i Selje, medan båten dreg gjennom eit storslått landskap og ut mot Sildagapet.

Snart ser ein tårnet til St. Albanuskyrkja ruve fram. St. Sunnivahola, der Sunniva i fylgje legenda døydde, og Sunnivakyrkja ligg i fjellsida ovanfor. Frå terrassene utforbi har ein ei fantastisk utsikt over Stadhavet.

Denne staden, full av mystikk og med ruinane som tause vitne til ei dramatisk fortid, påverkar også besøkjande i dag.

Sjå båtruter og prisar