Venner av Selja kloster

Venner av Selja kloster er ein organisasjon for deg som er interessert i mellomalderhistorie, og synes at det er viktig å ta vare på og få fram kunnskap om historia rundt Selje kloster og helgenanlegg!

Eller kanskje du vil vere med på interessante og opplevingsrike ekskursjonar til andre mellomalderanlegg i Norge? Då er Vennelaget noko for deg!

Venner av Selja logoVenner av Selja kloster er ein organisasjon som arbeider for å fremje kunnskap og interesse for øya Selja og Selje kloster og helgenanlegg. I vedtektene kan du lese at ”Venner av Selja kloster” er eit lag som skal arbeide for å fremje dei historiske og kulturelle verdiane knytt til klosteret og helgenanlegget på Selja og øya Selja, og for å gjere staden kjent og tilgjengeleg for publikum.

Laget har engasjert seg i mange saker sidan det vart skipa i februar 2005. Ei permanent klosterutstilling er utvikla etter initiativ frå Vennelaget. Laget har engasjement i pilegrimssaker, som til dømes å stå for pilegrimsvandring saman med prest og historieforteljar på Selja i samband med Seljumannamesse i juli og medarangør i pilegrimskonferansen i Selje våren 2010. Laget har og engasjert seg i oppretting av eit mogleg nasjonalt klostersenter i Selje og i mange andre saker som gjeld å få fram historia og knytte denne opp mot bruk og oppleving av Selja i dag. Her kan nemnast arbeidet med å få til ei statue av Sunniva i Selje sentrum. Laget har og arrangert fleire kulturkveldar med føredrag av ymse slag knytta til kloster og historie.

Eit anna viktig arbeidsområde er deltaking i kulturlandskapsskjøtselen på øya gjennom å søke om midlar til gjerding og utplassering av såkalla ”villsau”, altså den gamle norske sauerasen, for å halde vegetasjonen nede.

Heimesida til Venner av Selja