Hei, turoperatør!

Kloster og helgenanlegget på Selja er verd ei reise  i seg sjølv. Turistinformasjonen i Selje hjelper deg med råd og forslag.

Anlegget byr på ei rekke opplevingar når det gjeld både historie, bygningar og natur. Sett av god tid til vandring på øya i merka løyper. Kunnskapsrike guidar er tilgjengeleg.  Kombiner gjerne ein tur til anlegget med andre attraksjonar i området.

Kloster og helgenanlegget er ope døgnet rundt. Klosterbåten sine rutetider finn du her.

Kvar er Selje?

Selje kommune ligg på  kysten av Nordfjord i Sogn og Fjordane, og grensar til Møre og Romsdal i nord.  Selje har dagleg ekspressbåtsamband med Bergen. Næraste flyplassar er Florø, Vigra (Ålesund) og Sandane. Det er korrespondanse fleire gonger dagleg med ekspressbussar til Bergen, Ålesund, Trondheim og Oslo.

Sjå meir informasjon under Planlegg turen.

Tematurar

I lag med Turistinformasjonen kan du skreddarsy turpakkar til anlegget med interessante aktivitetar og opplevingar.

Sunnivaleia – pilegrimsvandring

Frå 2011 vert det arrangert pilegrimsvandringar frå Kinn (i Florø kommune) til Selje.

Les meir om Sunnivaleia og årets vandring…

Turistinformasjonen i Selje

Kontoret er heilårsope og held til i Sunnivahuset i Selje sentrum. Turistinformasjonen tilbyr hjelp til turoperatørar, formidlar guidetenester og sel billettar til Klosterbåten.

Tlf: 57 85 66 06.
Epost: turistinfo@selje.kommune.no

Reisemål Stryn & Nordfjord

Generell informasjon om Selje, attraksjonar, overnatting finn du på www.nordfjord.no og portalen Opplev Selje.