Organisering og samarbeid

Eit stort og komplisert anlegg frå mellomalderen krev fleire samarbeidspartnarar med eit tverrfagleg spenn.

Arkeologi, middelaldermur, geologi, kulturlandskap og moderne dokumentasjonsmetodar er nokre døme på fagkunnskap ein treng i skjøtselen og konserveringa av anlegget.

Ansvar og oppgåver knytt til klosteranlegget, er fordelt slik:

Opplysningsvesenets fond (OVF)

Opplysningsvesenets fond

Største grunneigar på øya Selja og er og formell eigar av sjølve klosteret.

Riksantikvaren

Riksantikvaren

Ansvarleg for skjøtsel og bevaring. Anlegget er automatisk freda fordi det er frå før reformasjonen (1537).

Selje kommune

Selje kommune

Dagleg ansvar for kloster og helgenanlegget og dei andre kulturminna på Selja. Kommunen sitt ansvaret er heimla i eigen avtale mellom Selje kommune og Riksantikvaren. Ein tilsynsmann tilsett av kommunen, i samarbeid med Riksantikvaren, har det utøvande ansvaret.

Ruinprosjektet

I 2005 starta Riksantikvaren eit stort skjøtsels- og bevaringsprosjekt, populært kalla ruinprosjektet. Prosjektet var forankra i St.meld. nr. 16 (2005-2006). Anlegget på Selja har høg prioritet i prosjektet. Arbeidet er organisert som eit partnarskap mellom Selje kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren. Prosjektleiar er tilsett av Selje kommune. Meir enn 7,5 millionar er nytta til skjøtsel og konserveringsarbeid på Selja fram til 2011. Programmet held fram mot 2020.

For meir informasjon, sjå Undervisning og forskning