Sunnivahola og helgenanlegget

Selja hellar - Foto: Lasse Fløde

Dersom du går gjennom hovudporten under Klosterfjellet på sørvestsida av klosteranlegget, ser du rett opp i heilagdomen. Du skulle eigentleg ha banka tre gonger på porten og svart på spørsmål om du var verdig til å kome inn om du hadde kome dit for 7-800 år sidan. Den gang som no, ser du rett opp i mot ”Norges eldste kirketak”, ifølge Sigrid Undset.

Den tida klosteret var i drift, må vi rekne med at å kome til heilagdomen der Sta. Sunniva og fylgjet hennar vart gøymde av raset, var hovudmålet for pilegrimar og andre som valfarta til Selja. Det er eit mektig syn når du ser rett opp mot terrassane, som i følgje Snorre var den tida sitt største manneverk, kvitkalka og tente også til seglingsmerke for dei som kom vestanfrå og tok land ved Stad.

Sunnivakyrkja der ein trur at relikviane stod, var eit såkalla ambulatorium, der ein gjekk inn på nordsida, passerte alteret med relikviane og gjekk ut på sørsida. Der var det kanskje rom for prosesjonar og andre seremoniar på høgtidsdagar. Det var ikkje plass til noko stort kyrkjebygg der oppe, og difor valde ein denne løysinga med ambulatorium.

Hovudmålet for pilegrimsreisa var Sunnivakulten, der soga fortel at fjellet raste ned over Sunniva og fylgjet hennar då dei ikkje ville falle i hendene på den heidenske Håkon jarl. Det gjekk mange år før Olav Tryggvason og biskop Sigurd kom til øya og fann Sunniva ”heil og uskadd” etter at handelsmenn hadde sett slikt eit underleg lys over øya.

Det kan ha vore annan kristen aktivitet i hola tidlegare, utan at vi veit det sikkert, men det var vanleg med dyrking av erkeengelen Mikael i holer i Noreg og i Europa elles, noko vi har fleire døme på.

Skal vi opp til hola, må vi gå steintrappa ved austenden av Sunnivakyrkja. Då kjem vi først inn i skipet og kan gå vidare inn i Sunnivahola lenger inne. Høgdeforskjellen her er om lag to meter.

Innerst i Sunnivahola finn vi eit altar, og rommet ber preg av å vere i bruk, med eit ikonbilete og lys. Inne i hola finn vi og ein brønn, der det vart funne eit tøystykke som viste seg å vere ein 7-800 år gammal messehakel til bruk for å ha over skuldrane på abbeden medan han heldt gudsteneste til dømes på Seljumannamesse den 8. juli. Messehakelen kjem sannsynlegvis frå Spania.

I dag vert det av og til halde gudstenester i helgenanlegget, der både Sunnivakyrkja og Sunnivahola vert teken i bruk.