Noregs fyrste bispesete

Tårnet - Foto: NIKU

Albanuskyrkja og tårnet er dei eldste delane av klosteranlegget nede på sletta.

Dette var bispekyrkje for Vestlandet frå 1068 til 7. september 1170, då bispesetet og Sunnivaskrinet vart flytta til Bergen

Kyrkja er bygd av olivinstein som kom frå Raudeberg eller Deknepollen. Murane er laga som kistemur med tilhogne stein på inn- og utsida av murverket. Du kan enno sjå hoggmerker etter steinhoggarane for snart 1000 år sidan.

I tårnet er det ei vindeltrapp av stein. Trappa er høgrevridd for at eventuelle angriparar ikkje kunne halde sverdet i høgre handa.

Kyrkja er open

Selje kloster og helgenanlegg har aldri vore avvigsla, og det tyder at ein kan utføre vanlege kyrkjelege handlingar der. Det har vorte populært og litt spesielt å gifte seg der, og det er relativt sett mange bryllaup i Albanuskyrkja i løpet av sommaren. Det har også vore konfirmasjon i Sunnivahola og barnedåp i kyrkja.

Den katolske kyrkja i Noreg har gudsteneste i ruinane rundt Seljumannamesse, og det har og vore besøk frå den russisk-ortodokse og den gresk-ortodokse kyrkja. Ein legg og vekt på å få til økumeniske gudstenester på Selja.