Kom og opplev pilegrimsstaden Selje!

Pilgrim på veg mot Selje - Foto: Lasse Fløde

Selja er Noregs fyrste kristne heilagstad. Kloster- og helgenanlegget på Selja har sida 1000-talet vore helgenmål og stoppestad for pilegrimar på veg til Nidaros.

Sunnivakulten er utbreidd i mellomalderen. Sta. Sunniva og Seljumennene vart æra alt frå Skálholt på Island i vest til Åbo i Finland i aust, og frå Lebesby i Finnmark i nord til Stralsund i Tyskland i sør.

No kjem meir enn 7000 registrerte besøkjande til Selja årleg, og det er kyrkjelege og kulturelle aktivitetar knytt til kloster- og helgenlegget gjennom heile året. Kvart år vert det arrangert pilegrimsvandringar i samband med Seljumannamessa. Men det er framleis nok plass til å finne ro og oppleve denne spesielle staden.

Sunnivaleia er ei pilegrimsvandring som går over sjø og land frå Kinn til Selje. Ynskjer du å vandre sjølv?

Her finn du programmet for Sunnivaleia 2012.

Planlegg turen.

Fleire vegar

Det er fleire pilegrimsprosjekt i gang.  Ei kystlei som famnar heile kysten frå Stavanger til Trondheim, er under utvikling. Det er teke initiativ til å lage ei pilegrimsrute frå aust til vest – ei rute som koplar saman dei to helgenane Olav og Sunniva. Også frå Olavkrossen på Kile ved Volda startar ei pilergimsrute som endar på Selja. Alle rutene vert utvikla etappevis og vil vere klare til å ta i mot pilegrimsvandrarar innan nokre år. Kvart år blir det organisert vandringar i delar av desse rutene.

Lese meir?

Selja – Noregs første kristne heilagstad (pdf), fagartikkel av middelalderarkeolog Alf Tore Hommedal, Bergen museum