«Acta Sanctorum in Selio»

- Forteljinga om dei heilage på Selja

I dagane då keisar Otto den stor rådde, levde i Irland den heilage Sunniva.
Ho var kongsdotter, og då faren døydde, ervde ho riket hans. Ho var oppseda i trua på Krist, og freista med med stor ihuge å halde folket sitt frå synda. Sjølv levde ho eit heilagt liv, heldt strengt alle kyrkjebord, og var miskunnsam og godgjerande mot dei fattige.

Gjetordet om Sunnivas gudsfrykt, venleik og makt gjekk vidt ikring. Det nådde fram til ein vill vikinghovding. Honom skaut djevelen i hugen og å herje og underleggje seg riket hennar.
Seinare freista han både med fagre ord og med trugsmål å få henne til kone. Men fyllt av kjærleik til Gud stod ho imot både lokking og trugsmål. Ho ville heller røme landet åt fedrane sine enn gifte seg med den gudlause mannen.

Mange av folket hennar ville ta samme lagnaden.

Dei gjekk då om bord i tre skip, både menn, kvinner og born. Dei trudde seg til havet, og rømde såleis frå dei verdslege freistingane.

Korkje segl, årar eller styre ville dei nytte, men gav seg heilt til Gud i vald.

Vind og straum førde dei til havs mot nord. Men Gud rår for storm og hav, og han verna dei mot all fare og let dei kome uskadde inn til den luten av Noreg der firdane bur. Folket her var ville og ukunnige heidningar. Då dei såg Guds heilage nærme seg grendene deira, samla dei ein her og gjekk ut med sverd og stenger som mot røvarar. Men då dei ikkje kunne nå dei, måtte dei nøye seg med å drive dei langt frå land med steinkast.

Så var dei heilage atter ute i farane på ville havet. Det rauk opp med storm, og dei som i tru og ande aldri kunne skiljast, vart no i kroppsleg tyding førde frå kvarandre. Då uveret la seg, kom den heilage Sunniva med største luten av ferdafylgjet til øya Selja. Her budde dei i bergholer av otte for heidningane. På same måten tok dei andre tilhald på ei anna øy som heiter Kinn, der dei heldt oppe livet med fiking.

På den tida hadde Håkon jarl, den verste av alle hardstyrarane, med vald lagt under seg Noregs rike og fór hardt fram mot folket. I hans styringstid heldt dei heilage seg lenge på øyane. Dei tente Krist i fråhald, fattigdom og eit reint liv. Bygdefolket hadde enno ikkje teke fast busetnad på desse øyane, men nytta dei til beitemark.

No hende det at det kom bort fe for bøndene der ute. Dei tok då til å mistru dei heilage for tjuvskap og difor stor urett på ymse vis, ja, bad jarlen kome med herfolk og drepe Guds tenarar.

Den gudlause jarlen kom til øya og skulle tyne dei heilage. Då desse såg heidningane kome, gjekk dei inn i helleren og bad med gråt til Herren, at han måtte gje sjelene deira den ævelege kvila og la englane sine bryte ned fjellet og gravleggje dei under det. Bønene vart høyrde. Berget rausa ned over dei heilage vitna, og sjelene deira steig til himmels. Hardstyraren med heidningflokken sin fann ikkje dei heilage og drog forbina frå øya. Noko etter vart jarlen på ein vanheiderleg måte drepen av ein træl, til straff for syndene sine. Og så gjekk rådveldet over Noregs rike til den kristne kongen Olav Tryggvason. Ved hans ihuge, vende Noregs folk seg frå avgudsdyrkinga og tok den kristne trua som bispen Sigurd forkynte.

No hende det at nokre kjøpemenn siglde framom Selja, og såg ein ljoske stige mot himmelen. Nyfikne leita dei seg fram til staden. Der fann dei eit mannehovud som rørte seg i ljosglansen, og dei kjende ein vedunderleg ange av det. Dette dyrverdige, heilage hovudet, meir kostesamt ein heile båtlasta deira, tok dei med seg nord til Nidaros. Der fann dei den vidgjetne kongen. Kjøpmennene var heidningar, men ved Guds ords milde dragnad og etter føreteljing frå kongen let dei seg viljug lære og vart døypte av bispen.

Ein gong fortalde dei kongen om ljosken dei hadde sett og hovudet dei fann. Kongen let dei hente det. Med heilag age tok bispen det i si varveitsle og gøymde dei i lag med andre heilagdomar. Fleire vitnemål om desse Kristi tenarar kom òg for dagen. For andre kom frå same øya, og sanne dei hadde sett det same som kjøpmennene.

Etter opptak frå bispen, fór kongen sjølv ut til Selja saman med mange andre kristmenn. Dei såg då at ein stor berghamar på vestsida måtte ha rausa ned for nokre år sidan. Kongen og bispen granska staden. Og i urda fann dei mannebein med over lag søt ange. Der vart så bygd ei kyrkje på øya, og der har Gud gjort teikn og store gjerningar til denne dag.

Då no dei kristne med ihuge dreiv og sanka i hop beina av dei heilage, fann dei kroppen til den heilage Sunniva heil og uskadd. Dette var i nådeåret 996.

Lenge etter flytta biskop Pål av Bjørgvin den heilage Sunnivas kropp til denne byen. Der vart skrinet hennar sett i Kristkyrkja, Gud til ære, 7. september 1170.