Klosteret

Selje kloster - Foto: NIKU

Ruinane er av et benediktinerkloster grunnlagt omlag år 1100. Klosteret var ett av dei fyrste bispeseta i Norge. Det vert via St. Albanus.

Heile anlegget er komplett med klosterkyrkje, tårn, andre klosterbygningar, indre og ytre kyrkjegårdsmur, ytre klostermur, klosterhage og beitemarker, samt helgenanlegget i fjellsida med Mikaelskyrkja og Sunnivakyrkja.

Eit knutepunkt i mellomalderen

Av fleire grunnar må Selja ha vore ein viktig stad for pilegrimar i mellomalderen. Det er vanskeleg å tenkje seg at benediktinarane bygde ut klosteret dersom det ikkje hadde vore viktig. Ein kan difor rekne med at utvidingane starta alt før biskopen flytte til Bergen, kanskje alt på 1150-talet, og det hadde ikkje benediktinarane gjort dersom pilegrimsmålet berre var knytt til bispesetet.

Selja måtte ha hatt ei kraft som ein tok med seg lenge frametter, inntil svartedauen og brannen starta nedgangstidene. Funn av furukors som motivgåver kan tyde på at Selja var eit pilegrimsmål lenge etter reformasjonen i 1536-37. Reformasjonen skjedde nok ikkje over natta.