Seljumannamesse

– ei gudsteneste med pilegrimar i fokus

Pilegrimar på Seljumannamesse 2010 - Foto: Lasse Fløde

Vil du vere med på ei heilt spesiell gudsteneste, skal du reise til øya Selja i Sogn og Fjordane den fyrste sundagen i juli. Der finn du eit kloster- og helgenanlegg frå mellomalderen.

Sjå årets arrangement og program her!

Den 8. juli, som er knytt til Sunniva og Seljemennene, finn du i den gamle primstaven. Denne kalenderen skriv seg heilt attende til 1400-talet. Seljumannamesse er ein merkedag i kyrkjeåret til minne om Sankta Sunniva og Seljemennene som kom frå Irland og landa på Kinn og Selja. Dette var starten på Sunnivakulten og etableringa av Selja som heilagstad og eldste pilegrimsmålet i Norge.

Hendingane på Selja var viktige også i samband med kristninga av Norge og Vestlandet, på same tid som dette var viktig i den politiske prosessen mot rikssamling. Olav Tryggvason kristna 4 fylke på Dragseidet i 997, og det første bispesetet på Vestlandet låg på Selja frå 1068 til 1170, då bispen flytta til Bergen. Det er og vel verdt å merke seg at den første helgen i Norge var kvinneleg, og var knytt til hendingar på Vestlandskysten.